OM Å GI SEG I VEG
av Ola Jonsmoen
Pilgrimsleier er attfunne og får i moderne forstand bevis for sin eksistens ved at dagens menneske går i sitt eige sinns fotspor mot Nidaros. Det betyr ikkje hardhendt invitasjon til mannjamning mellom norske dalføre. Men det betyr at menneske i dag kan leite seg gjennom eit drygt stykke austnorsk natur utan reint å kome på vidvanke. Dei har, for å nemne eit ruvande synsfeste, den 500 år gamle Tokstadfurua til hjelp. Ho peikar veg i Løykjedalen og leia vidare.
Men dei mest spennande og utfordrande mil etter mil ligg gjømt i eige sinn. Likevel er det i dag naturleg nok snakk om å oppdage minne etter dei som eingong la ut på strabasiøse pilgrimsferder gjennom audslege skogar mot Olavsbyen og Olavsbrunnen; finne att teikn og gjenoppleve overleveringar som har gått frå generasjon til generasjon opp gjennom hundreåra.
Stadnamn og nemningar lever. Dei første pilgrimane her til lands må ha vore eit sjokk for bufaste innlandsfolk. Dei fekk behov for namn og nemning for å binde fast si forundring. Vandrande menneske gav rykk i sjela. Pilgrimane opna kvardagen, skapte forandring og forundring, men òg frykt. Det ukjente, nesten uforstålege, gav fantasien løft og naturen nye namn, årstida fekk språkleg farge, tanken eit løft. Det som vart att, så å seie festa til terrenget, til berg, til tre, grassletter, vekster, kvilsteinar og kaldvassårer, fortel si historie med ein slags middelaldersk autentisitet, formidla gjennom draum og dikt av forteljande menneske opp gjennom ettertida.
Pilgrimane kom med undring som gave til bygdefolk. Dei fekk ein ny dimensjon i sin stillstand. Ny uro, men òg nytt håp. Ulv og bjønn og svartår kjente dei på skinn og sinn frå sin kvardag, frostnetter og svolt, væte og tørke. Men storøygde kom dei i tankar om at det visst måtte vere noe meir ettersom det kom menneske på veglaus vandring for å få bekrefta si tru og få svar på sin tvil.
Grendesamfunn vart annleis. Lengselen ut over kvardagen vart ei plage og ei glede. Kanskje fans ein Kvite-Krist? Ordet levde etter at pilgrimane hadde fare forbi, og så seigliva var det at hundreås glømsel måtte gi tapt for den energien som låg att etter vandrande føter og søkande sinn.
Dagens pilgrimar må tilgi at eg har tungt for å fri meg frå min skjebne som østerdøl. Eg snakkar meir om dei som vart heime enn dei som kom og gjekk. Men det er samanheng i liv, kanskje også i skjebne. Trass i all vår modernitet er lengselen ofte styrlaus og svarlaus. Mange går pilgrim utan å vite det, feriefolk, fotturistar, nikkersadel som ein snakka om før, med «fjøllstav» i hand som ein annan Vinje, snart 160 år sia «ferdaminne» frå hans Nidarosvandring. Han skulle oververe Karl 15. ’s kroning til Karl 4. slik kongens regentnamn var i Norge. Den kongen pilgrimane eigentleg søker er langt eldre, men i motsetnad til Karl 4. enno ikkje glømt.
Når eg spekulerer på kvifor opplyste menneske gir seg ut på vandring av fri vilje, kjenner eg meg som ein slags inntrengar hos uskyldige folk i forsvarslaus feriemodus. Eg leiter etter motiv, tankar, draumar, otte og glede, og gjer eit stykke fjern fortid til forstyrrande element i tider med facebook og ipod. Folk traskar i kaldvind og regn, ja sol og for den del, men det er ikkje så mye sol i innlands-Norge som eldre menneske hevdar at det er, med sine barndomsminne om kortbuksesomrar og søte villbringebær ved Olsokleite. Går til Nidaros. For ein ide i tider med bil og fly!
Fleire og fleire finn glede og utfordring i å gi seg i veg. Eg er kanskje likevel mest opptatt av dei som aldri kjem seg av garde. Dei i middelalderen som aldri gav seg ut på vandring. Var dei for makelege i sitt gudsforhold? For sjølsterke? Eller var dei redde for kva dei kom til å få oppleve om dei skritta over dørstokken. Dørstokken har den eigenskapen at han ligg på tvers same kvar me er i verda, markerer det trygge, men inviterer stadig til å stege over og gi seg på veg ut.
Når eg ikkje får fram poenget tyr eg til episodar som har hekta seg fast til hjernebarken og som dukkar fram som apropos til det eg prøver å seie. For noen år sia fekk eg skyss heim frå ein konferanse i Bergen med taxifly via Elverum. Det var ei returordning som meir luftfartskyndige enn eg fekk overtale departementet til å betale, for faktisk å spare reiseutgifter. Det var nødvendig av lys- og landingsgrunner å skifte til eit mindre fly i Elverum, og så gjere unna dei siste lange mil med meg som einaste passasjer. Eg la merke til at flygaren ikkje tok beinaste leia, men følgde vegane nordetter, og spurte kvifor? Han hadde vore trafikkflygar i USA og svarte rett på sak: Dersom me dett ned er det lettare å bli funne langs vegen enn i ville fjellet eller i vide skogen.
Pilgrimane kunne ikkje dette ned med fly, rettnok, men det var nok å engste seg over likevel. Og nok å gle seg til, endeleg å kome fram til Nidaros, til alle reisers mål og der ende ei vandring. Finne svar som fødde ny undring.
Pilgrimsleden er ein undringsveg. Tokstadfurua minner oss på det. Og det beste av alt, pilgrimsleden er eit gangbart alternativ til det å kjøre i 80 så ein fer framom målet utan å oppdage at ein alltid er undervegs til det.